Out event - Grill Night!

Ein varm og roleg sommarkveld med grilling eller rekebord på Nokkaneset er magisk!

Utearrangement - Grillkveld!

Nokkaneset, ei perle av ei halvøy som strekker seg ut i Sognefjorden er den perfekte ramma for ditt neste grillarrangement. Dette veit vi, og andre med oss. Derfor har vi no laga eit nytt konsept som gjer at også du skal få oppleve denne magien. Med ei fantastisk panorama utsikt kan du nyte roen, godt skjerma frå folk og biltrafikk. Her kan du saman med gode vener og kollega slappe av, mens vi syt for at du får god mat og drikke.

Vårt kjøkken har sett saman ein grillmeny som osar av sommar.

Grillmenyen som du sjølv vel utifrå vår meny, føl det med det som høyrer med,  heimelaga friske salatar, smakfulle dressingar og kjøkkensjefens hemmelige barbeque saus. Alt dette sett saman i ein herleg buffèt.

Hotellet har alle rettar, servert i frå vår bar "Havanna bar".

Den alltid serviceinnstilte betjeninga på Sognefjord Hotel står til din disposisjon, einaste du treng og gjere sjølv, er og kose deg, rett og slett nyte livet og timane nede på ved fjorden.

Menyer