Velkommen til Leikanger

Leikanger ligg i hjartet av Sogn. Leikanger er, ved sida av å vera ei frukt og bær bygd, også sete for Vestland sin fylkesadministrasjon, samt Statsforvaltaren i Vestland. Leikanger er også vertstad for Statens vegvesen region vest sitt hovudkontor, samt kontorstad for omfattande Nav-funksjonar og statlege Difi. Det bur rundt 2300 i Leikanger.

Frukt og bær

Leikanger er ein av dei største distributørane av frukt i landet og har om kring 80.000 frukttre som produserer epler, pærer og plommer kvart år. Bygda dyrker også mykje bringebær og om du er heldig kan du finne dette til salgs i kjøleskap langs vegen.

Landemerker

Den gigantiske skrivareiki er ei tjuefem meter høg eik med ei omkrins på over fem meter. Eiki blei planta for over 250 år sidan og befinner seg rett ved riksvegen midt i bygda.

På riksvegen mellom Leikanger og Hella finn du også Kvinnafossen, ein svær foss med 120 meter fall.

Leikanger har også landets høgste bautastein frå oldtida, Baldersteinen, som stikk åtte meter over bakken. Bautaen har blitt motiv for det Leikanger-baserte bryggeriet Balder Brygg.

Leikanger kyrkje

Leikanger kyrkje er ei steinkyrkje frå middelalderen. I prestegardshagen finst ei uvanleg rik samling av tre og planter, med ti skjeldne sortar. Her finn ein tempeltreet (Ginko biloba), også kalla eit levande fossil, det einaste attlevande fra tertiærtida. Også mammuttreet (Seqwoiadendron giganteum) trivst i Leikanger prestegardshage, som det nordlegaste i sitt slag av denne storleiken.

Stavkyrkjene i Sogn

I Sogn finn du ei tett samling av stavkyrkjer. Hotellet vårt ligg plassert midt i smørauget blant alle desse. For meir informasjon og opningstider: www.stavechurch.com.