Utflukt Vinter

I Sogn finn du dei beste fjella og den beste snøen. Store ord seier du?
Gje oss nokre dagar so skal vi vise deg!

Fjellturar og skiturar i Sogn

Med irrgrøne fjorarmar som skjere seg inn blant staute fjell. Ligg Sognefjord Hotell mitt i hjarte av dette skattekammeret i urørt natur. Du bur kort veg frå anten ei fjordoppleving utan om det vanlege, høgt til fjells stupbratt ned i fjorden, mektige brear, høgfjell som gjev ein smak av arktiske omgjevnader eller frodige dalar, der ein og ofte kan sjå tuftene etter gamal kultur. 
Sommar som vinter ligg dette eventyrlandskapet og ventar på deg med opne armar. Turane ligg alt i frå 5 minutt til ein times køyretur frå hotellet. Her er moglegheit for korte turar på alt i frå 20 minutt til dagsturar, der ein kan velje alle vanskelegheitsgrader.

Ein del turar ligg høgt til fjells og kan være krevjande, Det er ofte naudsynt med lokalkjende førarar.
Minner om at det kan verte krav om spesialutstyr på nokre turar, om du ikkje har dette sjølve so kan dette leigast. 
Når ein går på fjellet gjelder fjellvettreglane og sunt Norsk fjellvet. Ein må være i skapeleg form. Og utrusta for tur. Med bekledning som høver fjellet. Ein fordel om ein har vore på tur før. Normale skiferdigheiter er og viktig for toppturar vinter og vår. Gløymte å sei at her med oss kan ei stå på ski ofte langt ut i mai/juni. Då krevst det i juni oftast litt anmars.

Kleppa er Leikanger sitt skisenter og er eit godt tilbud for både langrenn og slalom i bygda.

Ønskjer du noko litt større så er Sogndal sitt skisenter Hodlekve ein god mulegheit. Det tar cirka 40 minuttar med bil for å komma seg dit frå hotellet.

Hvis du vil stå på ski i naturen, er Huksdalen eit godt alternativ. Det kostar 130kr i bompengar for eit køyretøy. Her ifrå kan du gå vidare til Stavsete og Stav.

Kjeringi (1314 m.o.h) er Leikanger sin klassiske topptur. Her begynner du på Kleppa og går oppkøyrde løyper opp igjennom. Turen tek 3-4 timar og har ein høgdeskilnad på cirka 900 meter.

Sjekk ut Opplev Leikanger for meir info om turar i vinter.


Velkommen til oss og god tur!