Kurs og konferanse

Kurs og konferanse

Sognefjord hotell kan tilby ulike og fleksible kurs og konferanse løysningar, med møterom frå 2 til 80 personar.
Vi kan tilby tekniske løysningar/ AV utstyr til dei fleste møte og kursarrangement. Kaffi/ te, vatn og frukt er tilgjengeleg i møtesalen.

Nokkanes salen

Her kan vi ta imot opp til 100 personar, då oppsett som kino sal.
Ved klasseromsoppsett har vi plass til 60 personar.
Konferanse salen kan også delast i to møterom med lydtett skyvevegg, for mindre møter.

Knausen salen

Vår nye møtesal ligg i same rom som spisesalen. Møterommet er avskjerma med lydisolerte veggar. Lyse og trivelege lokale med flott utsikt innover Sognefjorden. Dette rommet kan også nyttast for private selskapsservering.

Hjorten

Eit koselig rom kor der er plass til 10 personer.

Sognefjordsalen

Dette er ein topp moderne konferanse sal med plass til 90 personar i klasserom. Alt av AV utstyr er tilgjengeleg.
(Statens Hus, 1 min. gange frå hotellet)

AV- Løysningar

Sognefjord Hotel kan tilby ulike audiovisuelle løysningar, lagt til rette for ditt behov.
Utstyr vi kan hjelpe deg med:
- Prosjektorar med lerret, for å knytte seg opp til portabel PC, DVD etc.
- Overhead
- Div. Mikrofonar (også mygg)
- Eige PA anlegg i konferansesal, med satellitt høgtalarar
- Mobilt PA anlegg (opp til 6 kanalar) (XLR og jack inngang)
- Mogleg med diverse tilkoplinger  (ledningar/overføringar)

Sognefjord Hotel har fleksible løyningar der fleire hotellrom av ulik størrelse kan gjerast om til møterom.