Dagsturar og utfluktar.

Med sentral plassering har Sognefjord Hotel det beste utgangspunktet til flere serverdighetar i Sogn. Under finner du nokon forslag på turar.

Jostedalsbreen - Breheimssenteret

Det tar cirka 80 min å kjøre frå hotellet til Jostedalen. Der kan du besøke Breheimssenteret ved Nigardsbreen, som er ein arm til Jostedalsbreen, her er det også nydelig utsikt mot breen. Etter ein visitt og omvisning på senteret er det muleg og fortsette inn mot breen for å ta den i nærmare augesyn. For dei spreke så er det også mulegheit for ei lita vandring på breen, då med guide. Dette kan bookest her.

De Heibergske Samlinger - Kaupanger Stavkirke

I Kaupanger finn du eit av dei eldste museene i landet De Heiberske Samlinger, her kan du få omvisning av bortimot 40 historiske bygg og lære om gamle dagar i Sogn. Når du er i Kaupanger kan du også sjekke ut Kaupanger Stavkirke, bygd rundt 1140.


Norsk bremuseum Fjærland - Ein smak av Sunnfjord - Astrup - Eikås - Fjell

Norsk bremuseum i Fjærland er eit interaktivt museum for heile familien. Her kan du sjå korleis brear blir danna og kvifor dei spelar ei viktig rolle i klimaforskninga. Her kan du også om ønskeleg besøke bokbyen, som er bruktbokhandlar med særpreg, Fjærland var Norges første bokby.

Du kan så kjøre under Jostedalsbreen til Skei. Etterpå er mulegheitane fleire, vi nevner Astruptunet (Kor Nikolai Astrup held til), Sunnfjord Folkemuseum, Audhild Vikens Vevstove og Eikåsgalleriet. Alt innan 20 minutts rekkevidde. Vidare kan du kjøre tilbake mot Hotellet over Gaularfjellet med ei fantastisk utsikt over noko av de flottaste norsk natur har å by på.

Villakssenter - Lærdal - Flåmsbana - Geitost

Ein fin tur er å ta ferja fra Kaupanger (Mannheller) og kjøre til Villakssenteret i Lærdal. Så kan du kjøre gjennom verdens lengste tunnel Lærdalstunnelen, og vidare til Flåm. Her kan du ta Flåmsbana tur-retur og oppleve ein av Norges flottaste togturar. Denne turen kan på sommarstid også gå tilbake over Aurlandsfjella (Snøvegen) til Lærdal, ein får då med seg den fantastisk flotte utsikta frå Stegastein over Aurlandsfjorden. Andre stopp som kan være aktuelle på denne turen om ønskeleg er, Undredalen med geitostsmaking og eit besøk i Undredal Stavkirke som er skandinavias minste med 40 plassar. Du kan også kjøre gjennom Vik og på veg heim stoppe ved den gigantiske bronse statua av Fridjof Den Frøkne på Vangsnes.

Gardsbesøk

Rett opp i bakken frå hotellet har vi Henjatunet som er ein gardsrestaurant, mat er basert på lokal tradisjon og råvarer, serverast i ei gamal stove frå 1765. Dei tek i mot store og små grupper for omvisning. Det er gode parkeringstilhøve for 1-2 bussar. Under omvisninga vil ein få sjå døme på eitt av dei etter kvart få attverande klyngetuna på Vestlandet som framleis har aktiv jordbruksdrift.