Norsk nynorsk (Norway)English (United Kingdom)Deutsch (DE-CH-AT)

Utflukt sommar

hvard_div_natur_386

Sommaren er kontrastane si tid i Sogn. Ved fjorden har ein temperaturar som minner om lenger sør. Lyfter du blikket over dei frodige liene kan du sjå at vinteren framleis har grep om dei høgste fjella.

Me som bur i Sogn er heldige som har dette rett utfor stoveglaset. Me deler dette gjerne med deg, om du tek turen til Sognefjord Hotel og Leikanger. Her finst eit utal høve for aktivt friluftsliv, om du vil på ein roleg ture rundt i fruktbygda og langs fjorden, eller du vel og ta med deg dei gode skoa og bli med for å nyta frisk luft og den beste utsikta. I alle fall kan me hjelpa til med planleggjing og tips om kvar du kan ta vegen. Oftast er det berre din eigen fantasi som set grenser.

Frå Sognefjord Hotel rekk du og rundt til dei aller fleste attraksjonane i Sogn. Me nevner Flåmsbana, Villakssenteret i Lærdal, Jostedalen med dei nære brearmane,fem stavkyrkjer, og fem steinkyrkjer, alle frå middelalderen, Bremuseet, Breheimssentera og De heibergske samlinger.

Alt dette ligg til rette med omlag ein times køyring frå hotellet. Me er plasserte midt i hjartet av alt dette.

Kva med eit besøk på Henjatunet? Ein gardsrestaurant tufta på tradisjon og lokal arv. Her kan ein få servering av lokale produkt i ei stove frå 1765, Omvisning i frukthage, vandring på gravhaugar og drøs gjennom klyngetun.

frukthagen_p_henja_og_Sognefjord_Hotel

Velkommen til Leikanger

Som ligg hjartet av Sogn. Leikanger er, ved sida av å vera ei frukt- bærbygd, også sete for Sogn og Fjordane sin fylkesadministrasjon, samt Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Leikanger er også vertstad for Staten vegvesen Region vest sitt hovudkontor, samt kontorstad for omfattande Nav- Funksjonar og statlege Difi. Det bur vel 2200 i Leikanger

Leikanger skårer høgt på alle storleikar som kjenneteikner eit mildt klima. Snitt temperature er årsbasis 13,2 grader. Det milde verlaget gjer det mogeleg å dyrka fersken, aprikos og valnøter.

Den gigantiske skrivareiki, nesten tretti meter høg og med omkrins over fem meter, er eit kjent landemerke.

Det same er kvinnafossen kloss i riksveg 55 Leikanger-Hella. Kommunen har landets høgste bautastein frå oldtida, Baldersteinen, som stikk åtte meter over bakken.

hvard_div_natur_411

 

 

 

 

 

 

"Kvinnafossen"

 

 

 

 

 

Leikanger kyrkje

  er ei steinkyrkje frå middelalderen. I prestegardshagen finst ei uvanleg rik samling av tre og planter, med ti skjeldne sortar. Her finn ein tempeltreet (Ginko biloba), også kalla eit levande fossil, det einaste attlevande fra tertiærtida. Også mammuttreet (Seqwoiadendron giganteum) trivst i Leikanger prestegardshage, som det nordlegaste i sitt slag av denne storleiken.

 

Stakyrkjene i Sogn

 

I Sogn finn du ei tett samling av stavkyrkjer. Hotellet vårt ligg plassert midt i smørauget blant alle desse. For meir informasjon og opningstider: www.stavechurch.com

sognefjordhotelkyrkjerredigert

 

 


 

-1°C

Hermansverk

  • Mon Chance of Snow

    3°C -5°C

  • Tue Mostly Sunny

    0°C -18°C

  • Wed Mostly Sunny

    -4°C -13°C