Kurs og konferanse!

Sognefjord hotell kan tilby ulike og fleksible kurs og konferanse løysningar, med møterom frå 2 til 80 personar.
Vi kan tilby tekniske løysningar/ AV utstyr til dei fleste møte og kursarrangement. Kaffi/ te, vatn og frukt er tilgjengeleg i møtesalen.
Nokkanessalen Her kan vi ta imot opp til 100 personar, då oppsett som kino sal. Ved klasseromsoppsett har vi plass til 60 personar. Konferanse salen kan også delast i to møterom med lydtett skyvevegg, for mindre møter.
Knausensalen Vår nye møtesal ligg i same rom som spisesalen. Møterommet er avskjerma med lydisolerte veggar. Lyse og trivelege lokale med flott utsikt innover Sognefjorden. Dette rommet kan også nyttast for private selskapsservering.
Salongen/bibliotek I vår koselege salong/bibliotek i 2 etg. som ligg i nærleiken av spisesalen kan du nyte pausen i ein roleg og avslappande atmosfære. Flott utsikt over Hermansverk og Leikanger, og dei majestetiske Balestrandsfjella i vest.
Peisestova Eit koseleg rom kor der er plass til ca 12 stk. Sognefjordsalen (Statens Hus,1 min. gange frå hotellet) Dette er ein topp moderne konferanse sal med plass til 90 personar i klasserom. Alt av AV utstyr er tilgjengeleg.
Klikk her for planoversikt og kapasitet over møtelokala
AV- Løysningar Sognefjord Hotel kan tilby ulike audiovisuelle løysningar, lagt til rette for ditt behov. Utstyr vi kan hjelpe deg med: • Prosjektorar med lerret, for tilkobling til bærbar PC, DVD etc. • Overhead • Div. Mikrofonar (også mygg) • Eige PA anlegg i konferansesal, med satellitt høgtalarar • Mobilt PA anlegg (opp til 6 kanalar) (XLR og jack inngang) • DVD spelar og 30 Tommars TV • Mogleg med diverse tilkoplingar (ledningar/overføringar)
Fleksibilitet Sognefjord Hotel har fleksible løyningar der fleire hotellrom av ulik størrelse kan gjerast om til møterom.
|
|
|
|